Leder: « Riv ned gjerdene »

Frode Forland og Elisabeth Swensen

Leder LE I AR a « Riv ned gjerdene» or tida går ein tyskfilm på norske kinoar, «Eksperimentet». Ideen bak filmen er henta frå eit verkeleg eksperiment som fann stad ved Stanford University i USA for tretti år sidan. Nokre psykologar rekrutterte friviljuge, ressurssterke collegestudentar til å spe le fangar og fangevaktarar i to veker. Etter seks dagar måtte eksperimentet avbrytast av omsyn til den psykiske helsa hjå deltakarane. I ein artikkel psykologen Philip Zimbardo og medhjelparen Graig Handy skreiv etterpå, oppsummerte dei: « Tross det faktum at fanger og voktere hadde mulighet for å inngå en hvilken som helst samhandling ... så ble møtet mellom de to gruppene negativt, kjennetegnet ved fiendtlighet, krenking og umenneskeliggjøring». Sjølv om konklusjonane frå dette eksperimentet har størst praktisk relevans for kriminalom.sorgen, peikar dei og på ei generell og grusom sanning som alle krigar har prova om att og om att. Framandgjering av «dei andre», utvisking av deira individuelle identitet, er fyrste steget mot umenneskeleggjering som i sin tur legitimerar overgrep. Nordmenn har eit schizofrent tilhøve til rus, blir det sagt. Kanskje er diagnosen meir i ret.ning manisk-depressivt. Dei fleste vaksne nordmenn brukar rusmiddel i varierande omfang, men rusen er eit privat og skammmeleg tema som me ikkje maktar å forhalde oss rasjonelt til eller integrere i kulturen. Den norske rusen er pervers: Me ligg truleg i verdseliten i talet på synleg rusa personar ved alle festlege lag og offentlege høgtidsdagar. Noreg har fleire overdosedødsfall enn trafikkdrepne kvart år. Dei stakkarane som ikkje maktar å ha/de rusen innanfor vedtekne grenser, som blir synlege, straffarme ved å støyte dei ut. «Dei andre». Det er ikkje utan grunn at rusomsorgen har plass lågast i det medisinske hierarkiet. Utposten ville lage eit temanummer om rus. Me måtte diskutere kva som skulle vere Utposten sin bodskap. I redaksjonen finn ein både ideologiske fråhaldsfolk og folk som likar å ruse seg i blant. Me er logisk nok usamde i det meste som gjeld rus, sjølv om det er mange nyanser i debatten. Det me likevel er samde om, er at det er naudsynt med meir kunnskap om korleis ein førebygger skade/eg rus brut spesielt hjå unge folk. Og me er samde om at me må arbeide for eit betre helsetilbod både somatisk og psykiskfor dei tyngste rusbrukarane. Martin I. Blindheim, redaktør for bladet rus&avhengighet, har ein artikkel i dette numme.ret av Utposten der han mellom anna etterlyser samarbeid mellom profesjonar og vilje til å la rusbrukarane sine faktiske problem sette dagsorden framfor hjelparane sine eigne ideolo.giske føringar. For tida arbeider Blindheim som mi9'øarbeider i Rusmiddeletaten i Oslo kommune, i dagleg kontakt med dei tyngste rusbrukarane. Forteljingane derfrå hand/ar ikkje om dei andre, men om oss sjølve som fellesskap. Frode Forland Elisabeth Swensen UTPOSTEN NR .2 • 2002

Denne artikkelen finnes kun som PDF.

Last ned pdf